Susanne Boucher

Susanne Boucher har vore aktiv som skodespelar sidan 2010, og er aller mest kjend for rollen sin som Helene Hansteen i Frikjent. Ho har også vore med som Mari i Keeper’n til Liverpool (2010) og som Cecilie i Beatles (2014).

Fredag 24. mars er ho i Sogndal for å halde føredrag om si karriere innan filmbransjen.

Erling Borgen

Erling Borgen er ein norsk journalist og filmskapar. Han driv sitt eige TV-produksjonsselskap med kontor i Oslo og Bergen.

Borgen har produsert meir enn 90 dokumentarfilmar for NRK og i sitt eige produksjonsselskap. Alle dokumentarane er vist på nasjonale TV-stasjonar, og fleire har vorte vist i utlandet. Dokumentarane handlar hovudsakeleg om internasjonale spørsmål med fokus på menneskerettigheitar.

Fredag 24. Mars kjem han til til Sogndal Filmfestival for å halda føredrag om blant anna betydninga av dokumentarfilm og gravande journalistikk.

Einar Loftesnes

Einar Loftesnes har vore produsent for fleire filmar, blant anna skrekkfilmen «Villmark 2», som vart spelt inn blant anna på Harastølen i Luster og ved Kyndilstjørni i Kaupanger.

Loftesnes har lang røynsle frå filmbransjen og har hatt forskjellige jobbar innan filmproduksjon sidan 1995. Han arbeider for tida blant anna med TV3-serien «Aber Bergen». På Sogndal Filmfestival vil han i tillegg til «Villmark 2», også snakke om fleire nye prosjekt og spesielt om den nye kinodokumentaren han arbeidar med om kunstnaren Nikolai Astrup.

Jakob Ingimundarson

På Sogndal Filmfestival 24. mars vil fotograf Jakob Ingimundarson fortelje om arbeidet med «Frikjent», og korleis fotografane prøvde å gjere sognenaturen til ein eigen karakter i serien.

Andre prosjekt Ingimundarson har jobba med er «Sniffer», ein kortfilm som vann gullpalme i Cannes, Tv-seriane «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt myldret», «Lilyhammer» og filmane «Jernanger», «United» og «Dirk Ohm».